§ 53

Jordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg og liknande, mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn skade. På same måte og vilkår kan jordskifteretten òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Kvar av partane i slik sak kan krevje avgjort om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller å få bruken flytt.

Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for ein som lyt tåle eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.

Jordskifteretten tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Jordskifteretten kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.

I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annan særleg rett, og det er fastsett årleg vederlag, kan partane etter fem år krevje ny behandling av vederlaget, korleis inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår for jordskifteretten. Under dei same føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at jordskifteretten avgjer om inngrepet i det heile skal stå ved lag.

Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1963-06-21-23
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7ba3671112a82f3ab3c42a9a3253a0c0dbe3784f525564264649ed3b2d503ccd
Rendererversjon
8
I kraft
1964-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01