På den ansvarlige eller eigaren sin kostnad kan skade som er gjort gjennom brot på føresegnene i § 57, første, andre eller tredje ledd utbetrast, og ting som er lagde eller kasta i strid med dei nemnde føresegnene, kan takast bort eller flyttast. Når tømmer eller anna er lagt på offentlig veg utanfor verksemd, bygg, forretning eller liknande, som endelig eller mellombels skal ta over det som er lagt der, er òg verksemda ansvarlig for betaling av dei utgiftene som er nemnde ovanfor.
Politiet kan ta seg av dyr som i strid med føresegnene i § 57 fjerde ledd er komne inn på offentlig veg eller eigedomsområdet til offentlig veg. Kan dyret ikkje straks leverast attende til eigaren eller nokon på hans vegner, kan politiet sette det inn. Reglane i kapittel II i lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål gjeld i så fall tilsvarande.
Endra med lov 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.