Den som har løyve til å ha løyvepliktige skytevåpen og våpendelar etter §§ 5 eller 6, kan låne tilsvarande gjenstand. Utlånar må tryggje at låntakar har løyve før han låner han ut, og skal gje ei skriftleg fråsegn om utlånet.
Den som ikkje har løyve etter første ledd, må ha løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar. Kapittel 4 og 5 i denne lova gjeld tilsvarande for løyve til lån av skytevåpen eller våpendelar.
Den som har skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er fritekne frå løyveplikt etter §§ 5, 6 eller 7, kan ikkje låne ut eller overlate gjenstanden til personar under 18 år, med mindre vedkomande har særskilt løyve etter § 15 andre ledd. Dette gjeld også for gjenstandar som er underlagde særskild aldersgrense i medhald av § 41 nr. 14.
Første, andre og tredje ledd gjeld ikkje for kortvarig overlating av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon under forsvarleg tilsyn av eigar eller løyvehavar eller av nokon som handlar på vegne av eigar eller løyvehavar. Skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan likevel ikkje overlatast til personar som enten har fått tilbakekalla løyvet etter § 31 første ledd første punktum, som er gjeve forbod mot å erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter § 31 andre ledd, eller når det elles er grunn til å tru at vedkomande ikkje oppfyller vilkåra etter § 16.
Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 33 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1415).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.