(1) Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning. Kundar og andre med klageinteresse kan klage på pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen skal sørge for at kunden får opplysningar om klageretten, og om at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får medhald i klagen.
(2) Drosjesentralen skal sørge for at ein tilstrekkeleg del av dei drosjene som er knytte til sentralen er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav til universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport.
(3) Om det er fleire sentralar i same område, kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre ledd.
(4) Ein drosjesentral som vil drive verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei aktuelle fylkeskommunane.
Tilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9d).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.