§ 15. Kva metadata som skal registrerast om eit saksdokument i ein journal

Eit organ som skal føre journal etter § 14 første ledd første punktum, skal løpande registrere følgjande metadata om alle saksdokument som er journalføringspliktige:

  1. identifikator som gir dokumentet eit unikt kjenneteikn som kan lesast av menneske
  2. informasjon om konteksten dokumentet blir brukt i, og kva andre dokument det høyrer saman med
  3. ein tittel eller andre metadata som viser kva dokumentet gjeld
  4. namnet på sendaren eller mottakaren av dokumentet
  5. datoen på dokumentet eller datoen som viser når dokumentet blei sendt eller motteke
  6. tidspunktet for registreringa.

Organet skal gjere journalen tilgjengeleg for offentleg innsyn etter reglane i offentleglova. Organet kan gjere unntak frå innsyn i opplysningar i journalen dersom det ikkje er mogleg å registrere eit dokument utan at det kjem fram opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt, eller som allmenta elles ikkje kan krevje innsyn i. Organet kan gjere unntak for ei heil journalregistrering berre når det trengst for ikkje å røpe opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-17-2647
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01