§ 27. Mottak og godkjenning av arkivpakker

Nasjonalarkivet skal kontrollere og godkjenne arkivpakker frå statlege organ.

Nasjonalarkivet kan nekte å godkjenne ei arkivpakke eller delar av henne dersom

  1. uttrekket ikkje inneheld den avtalte dokumentasjonen
  2. feil eller manglar i uttrekket kjem av feil ved sjølve produksjonen av uttrekket
  3. den tekniske skildringa av uttrekket er feilaktig eller ufullstendig
  4. skildringane av dokumentasjonen som skal avleverast, er feilaktige eller ufullstendige
  5. andre krav som er fastsette i denne forskrifta eller i avtale, ikkje er oppfylte.

Om ei arkivpakke frå eit statleg organ ikkje blir godkjent, må organet produsere ei ny arkivpakke med dei endringane som trengst for å oppfylle krava etter § 26. Nasjonalarkivet skal destruere arkivpakka som ikkje blei godkjent.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-17-2647
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01