§ 29. Krav til uttrekk av strukturert informasjon frå databasar

Uttrekk av strukturert informasjon frå databasane til statlege organ skal bestå av ei eller fleire datafiler i eit av følgjande filformat:

  1. Comma-separated-values (CSV), som spesifisert i IETF RFC 4180
  2. Extensible Markup Language (XML) versjon 1.0
  3. Java Script Object Notation (JSON), som spesifisert i ISO/IEC 21778
  4. Software Independent Archiving of Relational Databases (SIARD) versjon 2.1.1 eller 2.2.

Eit organ kan avtale med Nasjonalarkivet å bruke andre filformat enn dei som er nemnde i første ledd.

Dokumentasjon som er lagra som Large Objects (LOBs) i databasar, skal eksporterast som separate datafiler i uttrekket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-17-2647
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01