Informasjonssystem som inneheld dokumentasjon som skal forvaltast som arkiv, skal ha funksjonar som gjer at informasjonen blir sikra og forvalta i tråd med arkivlova § 5 første ledd.
Eit organ som bruker system som er nemnde i første ledd, skal syte for at systema har funksjonar som
gjer at informasjonen har naudsynte metadata om opphavet til informasjonen og samanhengen han inngår i
vernar informasjonen mot ikkje-autoriserte endringar
sporar endringar
gjer at dokumentasjonen kan bli eksportert på ein kontrollert, systematisk og etterprøvbar måte
gjer at dokumentasjon som ikkje skal takast vare på for ettertida, kan bli kassert på ein kontrollert, systematisk og etterprøvbar måte
gjer det mogleg for organ, med enkle framgangsmåtar, å finne fram til og hente ut dokumentasjon for eigne behov og for å gi innsyn etter offentleglova, forvaltningsloven eller anna lov
gjer at metadata som skal registrerast saman med saksdokument etter § 15, kan hentast ut til ein journal.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.