§ 11. Vitnemål – Karakterutskrift

  1. HLB skriv ut vitnemål med fullført utdanningsprogram.

Karakterutskrift vert gitt på anmodning frå studenten for delar av studiet.

Enkeltfag/kurs kan ikkje strykast frå karakterutskrifta.

  1. Kvar kandidat får normalt eit vitnemål. Dersom kandidaten forbetrar karakterar som inngår på vitnemålet, kan han/ho krevje å få nytt vitnemål. Det gamle vitnemålet må då leverast tilbake.
  2. I særlege tilfelle der det er sannsynleg/dokumentert at vitnemålet har forsvunne, kan det lagast nytt vitnemål.
  3. Vitnemålet skal gje opplysningar om:

- Kva utdanning som er gjennomført - Kva tittel som er oppnådd - Namn på fag/kurs med avsluttande vurdering - Tidspunkt (semester/år) for dei enkelte fag/kurs som inngår i studiet - Tidspunkt (md./år) for fullført utdanning - Kva fag kandidaten har fått fritak for/godkjenning på grunn av tidlegare utdanning, og kva utdanning som er grunnlaget for fritaket/godkjenninga - Tittel på større skriftlege arbeid - Karaktersystem som vert nytta

Deleksamen som inngår i ei større samansatt evaluering i eit fag/kurs skal normalt ikkje spesifiserast på vitnemålet.

Karakterutskrift skal uavkorta slå fast alle eksamenar ein student har avlagt ved høgskulen. Dette gjeld også deleksamen og praksis som skal inngå i ein større, samansett evaluering på vitnemålet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2007-08-31-1133
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
e38f55194e74
Innholdshash (XML)
5a3def7347e99773b7d399e8016bc350a05f17353faee65adda0d74352a31ee9
Rendererversjon
8
I kraft
2007-08-31