1. Skriftleg og grunngjeva søknad skal sendast inn til høgskulen ved studiesekretær. Studiesekretær i samarbeid med studieleiar kommer med forslag til vedtak som må godkjennast av høgskulens styre. 2. Søknader om 4. gangs eksamen innvilges berre heilt unntaksvis. Grunnlaget for denne type vurdering skal til vanlig være sjukdom dokumentert gjennom legeerklæring og/eller livssituasjon som har gjort det vanskeleg å fullføre studiet innan normert tid, men som har bedra seg og som nå tilseier at sannsynlegheten for å bestå eksamen nå er vesentlig mye høgare enn sist vedkommande var oppe til eksamen.
For ordinær eksamen skal eksamensplan (eksamensdatoar) gjerast kjent ved oppstart av kvart semester. (Med atterhald om endringar.) For utsett/ny eksamen skal tidspunktet vera kunngjort seinast 2 veker før tidspunkt for eksamen eller innlevering av oppgåve.
Studentane vert automatisk oppmeldt til ordinære eksamen. Det gjeld også ny eksamen ved stryk for det tal gonger som reglementet seier.
For å bli oppmeldt til eksamen må ein vere registret som student og ha betalt semesteravgift/studieavgift og ev. eksamensavgifta (ved konte-/utsatt eksamen). Studenter som har unnlatt å betale semesteravgift og ev. eksamensavgift får automatisk stryk/ikkje møtt på eksamen.
Seinast 3 veker før ordinær eksamensperiode startar, vert det lagt ut lister over kva eksamen den enkelte student er meldt opp til.
Studenten har ansvaret for å halde seg orientert om når det avholdast eksamen samt å kontrollera at oppmelding til eksamen i rett fag, emne, kurs er i orden.
Eksamenstilgang er styrt av reglar fastsett av styret. Studieplan eller studiekatalog skal innehalde slike reglar.
Studieleiar kan i særskilde høve gje dispensasjon frå krav om oppmelding innan fastsette fristar.
Ein kandidat som har meldt seg opp til eksamen, har høve til å trekke seg. Det skal gjerast skriftleg på eigne skjema og seinast 14 dagar før eksamensdagen. Den som trekker seg før fastsett frist, kan ikkje krevje å få gå opp igjen før ved neste ordinære eksamen, men vert det arrangert konte-/ny eksamen kan studenten melde seg opp til denne.
Studentar som trekker seg dei to siste vekene før eksamen/ikkje møter til eksamen, og som ikkje har gyldig grunn til det, vert registret som «ikkje møtt». Med gyldig grunn er meint grunn som gjev rett til utsett eksamen. Det vert rekna som eksamensforsøk dersom ein student vert registrert som «ikkje møtt».
Eksamensform skal gå fram av studieplan.
Omfang av eksamen skal vere angitt i gjeldande studieplan.
Det skal oppnemnes minimum to sensorar. Jf. lov om universitet og høgskuler § 3-9 pkt. 2. Oppnemninga skal vere for ordinær eksamen og utsett/ny eksamen. Klagesensorar vert normalt oppnemnt samtidig; ein intern og ein ekstern sensor. Krav om ekstern sensor gjeld ikkje ved praksis, praksisoppgåver og arbeidskrav. Unntak er prosjektoppgåver som inngår som ein del av karakteren på vitnemålet.
Ekstern sensor skal ikkje ha undervisning eller vere tilsett ved høgskulen. Ekstern sensor må ha minst ei av fylgjande kvalifikasjonar:
- Vere tilsett på høgskulelektor/amanuensisnivå eller høgare ved universitet/statleg høgskule eller annan forskingsinstitusjon. - På annan måte ha dokumentert relevant vitskapeleg kompetanse på same nivå. - Ha erfaring som sensor i vedkomande fag ved universitet/statleg høgskule.
Sensurfristen er tre veker etter innleveringsdatoen, dersom ikkje særlege grunnar gjer det naudsynt å bruke meir tid.
Styret kan bestemme andre sensurfristar dersom særlege grunnar tilseier det. Jf. § 3-9 pkt. 4.
Studieleiar for gjeldande fag bestemmer kva hjelpemiddel som er tillat ved skuleeksamen.
Oversikt over tilletne hjelpemiddel ved skuleeksamen skal vere kjent for det enkelte fag, emne eller kurs seinast 3 veker før eksamensstart, samt tydeleg gå fram på eksamensoppgåva. Sjå elles § 14 pkt. b for særordningar under eksamen.
Bruk av ulovlege hjelpemiddel er fusk. Vert det funne ulovlege hjelpemiddel hos kandidaten, vert det rekna som forsøk på fusk.
- Kandidaten har ikkje tilgang til eksamenslokalet før eksamensinspektørane er på plass. - Ved adgang til eksamenslokalet må vesker og yttertøy plasserast på tilvist stad. Det er kandidaten sitt eige ansvar å sørgje for å skaffe seg dei tillatne hjelpemiddel. Lån av hjelpemiddel frå andre kandidatar er ikkje tillatt.
Det er ikkje tillatt å bruke mobiltelefon eller andre kommunikasjonsmedium under eksamen og heller ikkje bringe desse med til tilvist plass. - Kandidaten skal vise studentlegitimasjon eller annan gyldig legitimasjon med foto og signere kandidatliste, samtidig som kandidatnummer blir tildelt. - Kandidaten må være på plass i eksamenslokalet seinast 15 minutt før eksamen startar. For seint frammøte kan føre til at kandidaten ikkje får gjennomføre eksamen. Kandidatar som møter etter at utdeling av eksamensoppgåver er begynt, skal avvisast. Dersom grunnen til forseinkinga er forhold kandidaten sjølv ikkje har kontroll over, skal vedkomande få tilgang til eksamenslokalet inntil 30 minuttar etter at eksamen er begynt på vilkår av at ingen har forlata eksamenslokalet. - Dersom sjukdom hindrar studenten i å møte til eksamen, må sjukemelding som omfattar eksamensdagen føreligge frå lege. Dersom det ikkje er mogleg å legge fram sjukemeldinga på eksamensdagen, må den leverast/poststemplast seinast ei veke etter eksamensdagen. - Etter at kandidaten er på plass i eksamenslokalet, kan han ikkje forlate dette uten løyve frå inspektør. - Kandidaten har den oppgitte eksamenstid til disposisjon. Det er ikkje tillegg i tid for å avslutte arbeidet. Kandidatar som arbeider etter at den disponible tida er ute, vil bli rapportert til sensorane. - Eksamenssvaret skal førast på eigne innføringsark. Kandidaten har sjølv ansvar for å føre sitt kandidatnummer på alle innføringsark. Dersom eksamenspapir med gjennomslag vert nytta, har kandidaten ansvar for å skilje kopiane frå originalen. Kulepenn skal brukast på slikt eksamenspapir. - Kandidatar som vel å avbryte eksamen utan å levere svaret, skal skrive namnet sitt på ei særskilt liste (trekkliste) hos hovudinspektør og levere tilbake oppgåva og alt utlevert materiale. For kandidatar som leverer blankt eller har ein irrelevant tekst i forhold til oppgåveteksten, blir oppgåvesvaret behandla som trekk. Kandidaten blir registrert som trekt under eksamen, og har då brukt eit eksamensforsøk. - Ein kandidat som blir sjuk under eksamen, må velje om han vil trekke seg eller levere svaret til sensur. Vel kandidaten å trekke seg, skal trekklista signerast. Sjukemelding, levert/poststempla innan ei veke etter eksamensdagen, må leggjast fram for å gje gyldig fråvær. - Det er ikkje tillatt med nokon form for kommunikasjon mellom kandidatane under eksamen. Dersom kandidaten har spørsmål, skjer dette til ein av eksamensinspektørane. - Kandidaten har bare høve til å forlate eksamenslokalet i følgje med ein inspektør. Kandidaten skal ikkje forlate lokalet de første 30 minuttane etter at eksamen er begynt. - Kandidaten blir sitjande på sin plass til svaret er levert og kontrollert. Innleverte svar kan ikkje leverast tilbake uansett kva grunn som vert gitt. Eksamenskommisjonen avgjør om kladd unntaksvis kan godtas som svar. - Etter innlevering må kandidaten forlate eksamenslokalet.
- Svaret skal være innlevert eksamensansvarleg innan det tidspunkt som er bestemt. Kandidatar som bur meir enn 10 mil frå avdelinga, kan postleggje svaret. Det må då føreligge dokumentasjon frå postverket på at den er postlagt innan innleveringsfristen. - Svaret skal sendast/leverast i det tal eksemplar som vert krævt. Kandidaten må sjølv sørgje for å ha ein kopi. - Ved heimeeksamen skal ikkje svaret påførast namn, men kandidatnummer som er utdelt før eller ved utleveringa av oppgåva. - Prosjektoppgåver skal leverast med namn på kandidaten(e). - Kandidatar har ikkje krav på å få returnert ev. vedlegg til sine svar. - Etter avtale kan oppgåver leverast elektronisk.
- Ansvarleg ved høgskulen må kontrollere at bare nødvendig programvare ligg på harddisk/er tilgjengeleg på diskett. - Kandidaten får utlevert tom diskett som skal brukast ved svaret. - Høgskulen er ikkje ansvarleg for tap av tekst/data som følgje av straumbrot eller feil ved maskinen. Kandidaten må sjølv sørgje for å ta nødvendige tryggingskopiar undervegs. - Svaret skal leverast i utskrift påført kandidatnummer saman med utlevert diskett.
- Når forslag til eksamensoppgåve føreligg, har sensorane høve til å uttale seg om den før eksamen vert avvikla. - Sensor har ansvar for at eksamenssvara/eksamensprestasjonane vert sensurerte, og at signerte karakterlister vert levert eksamensansvarleg innan fastsett frist. - Sensor som tek på seg sensoroppdrag, tek samtidig på seg å være sensor til eventuell ny/utsett eksamen i same fag/kurs. - Sensor plikter å gjere seg kjent med gjeldande studieplan og pensum, samt eventuell sensorvegleding for faget/emnet. - Originalsvaret vert sendt til intern sensor, mens ekstern sensor får ein kopi. Kopien må behaldast til fristen for grunngjeving er ute, og så makulerast. Originalsvaret skal returnerast til eksamensansvarleg ved høgskulen. - Grunn for karakterfastsetting vert gitt av ein av sensorane etter avtale.
Med ansvarleg(e) faglærar(ar) meiner vi i denne samanheng den eller dei faglærarar som har hovudansvaret for eit enkelt fag/kurs/emne.
Ansvarleg faglærar har ansvar for at forslag til eksamensoppgåve blir utarbeida innan den frist som eksamensansvarleg ved høgskulen har fastsett, samt at informasjon om tillatne hjelpemiddel går fram av eksamensoppgåva. Ansvarleg faglærar har også ansvar for at sensorane vert orienterte om gjeldande studieplan og pensum, og at sensorane får høve til å uttale seg om eksamensoppgåva.
Ansvarleg faglærar skal være tilgjengeleg under hele eksamen. I løpet av den første timen av eksamen kan ansvarleg faglærar komme inn i eksamenslokalet for ein oppklaringsrunde.
Ansvarleg faglærar må være varsam med å gje tilleggsopplysningar under eksamen. Opplysningar som blir gitt og som kan ha betydning for eksamensresultatet, skal meddelast alle eksamenskandidatar.
Dersom det ikkje er mogleg for ansvarleg faglærar å være tilgjengeleg under eksamen, må vedkomande sørgje for vikar. Informasjon om dette vert gitt til eksamensansvarleg ved høgskulen.
- Eksamensinspektørane plikter å gjere seg kjent med gjeldande retningslinjer for eksamen. - Det skal være ein hovudansvarleg inspektør, heretter kalla hovudinspektør, i kvart eksamenslokale. - Eksamensinspektørane møter normalt i eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamen startar. Eventuelt bytte av eksamenslokale mellom inspektørar må avklarast med eksamensansvarleg. - Inspektørane skal være på plass i eksamenslokalet før kandidatane får tilgang. - Hovudinspektøren har ansvar for ro og orden i eksamenslokalet. Hovudinspektøren viser dei andre inspektørane plass i eksamenslokalet, og kontrollerer at eksamenskandidatane er plassert i god avstand frå kvarandre. - Inspektørane kontrollerer at kandidatane har studentlegitimasjon, eventuelt annen gyldig legitimasjon med foto, og sørgjer for at dei signerer kandidatlista. - Inspektørane har ansvar for at kandidatane ikkje har andre hjelpemiddel til disposisjon enn det som er bestemt. Kandidatane kan ikkje låne hjelpemiddel av kvarandre. Vesker og yttertøy etc. kan plasserast på tilvist stad før eksamen startar. Kandidatane kan ikkje gjere nytte av mobiltelefon eller andre kommunikasjonsmedier under eksamen, og kan heller ikkje bringe desse med til tilvist plass.
Hovudinspektør er ansvarleg for at de rutiner for kontroll av hjelpemiddel som er fastsett, vert følgt. Dersom det under eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, er det hovudinspektøren sitt ansvar å gjere kandidaten merksam på at vedkommande vil bli rapportert. Spørsmål frå kandidatar som gjelder eksamensoppgåva skal formidlast til faglærar. - Kladdeark og innføringsark vert utdelt samtidig med oppgåva. Det er ikkje tillata å bruke anna papir enn det utdelte. - Eksamenskandidatar som møter etter at oppgåva er delt ut, kan få tilgang til eksamen dersom det ikkje har gått meir enn 30 minutt og forsinkelsen skuldast forhold kandidaten sjølv ikkje har kontroll over tidspunktet for frammøte skal då noterast. Sjå elles § 9 pkt. a, nr. 4. - Lesing og anna aktivitet som ikkje vedrører vakttenesta skal ikkje finne stad. Inspektørane må halde seg i ro i lokalet, unngå å lage støy og unngå unødvendig samtale med kvarandre.
Inspektørane skal sørgje for lufting i eksamenslokalet.
Til vanleg skal det være to inspektørar til stades i lokalet. - Det er ikkje tillata å gå ut med fleire enn to kandidatar om gangen. Inspektøren skal heile tida ha kontroll med kandidatane. - Ein av inspektørane seier ifrå når det er ein time og når det er 15 minuttar igjen av disponibel tid. Når det er 15 minuttar igjen, vert det gitt melding om at kandidatane har 15 minuttar til å avslutte eksamen inklusive nummerering og sortering av ark og påføring av kandidatnummer. Det vert ikkje gitt tillegg i tid for å avslutte arbeidet. Dersom kandidatar arbeider etter at eksamenstida er ute, skal inspektøren notere dette på svaret. - Ved innlevering av eksamenssvaret vert kandidaten sitjande på plassen sin til alle papir er leverte. Inspektøren kontrollerer at
- svaret inneheld det rette tal ark. - kvart ark er nummerert og påført rett kandidatnummer.
Kandidaten skal deretter forlate eksamenslokalet. - Hovudinspektøren skal sjå til at kandidaten signerer på liste dersom kandidaten avbryter eksamen utan å levere oppgåvesvaret. - Innleverte svar skal ikkje leverast tilbake til kandidaten uansett grunn. - Når eksamenstida er ute, bringer hovudinspektøren straks alle svara, sortert etter fag og stigande kandidatnummer, samt anna materiale til eksamensansvarleg. - Ein kandidat som blir sjuk under eksamen, må velje om vedkommande vil trekke seg frå eksamen eller levere svaret til sensur. Vel kandidaten å trekke seg, vert trekklista signert, og inspektøren minner om at sjukemelding må leverast. Dersom assistanse er nødvendig i samband med sjukdom, skal eksamensansvarleg kontaktast. - Inspektørane har taushetsplikt etter forvaltningsloven om det som føregår i samband med eksamen.
Eksamen er bestått ved karakteren E eller betre. Kandidatar som ikkje oppnår E eller betre, får oppgitt karakteren «Ikkje bestått».
Karakterutskrift vert gitt på anmodning frå studenten for delar av studiet.
Enkeltfag/kurs kan ikkje strykast frå karakterutskrifta.
- Kva utdanning som er gjennomført - Kva tittel som er oppnådd - Namn på fag/kurs med avsluttande vurdering - Tidspunkt (semester/år) for dei enkelte fag/kurs som inngår i studiet - Tidspunkt (md./år) for fullført utdanning - Kva fag kandidaten har fått fritak for/godkjenning på grunn av tidlegare utdanning, og kva utdanning som er grunnlaget for fritaket/godkjenninga - Tittel på større skriftlege arbeid - Karaktersystem som vert nytta
Deleksamen som inngår i ei større samansatt evaluering i eit fag/kurs skal normalt ikkje spesifiserast på vitnemålet.
Karakterutskrift skal uavkorta slå fast alle eksamenar ein student har avlagt ved høgskulen. Dette gjeld også deleksamen og praksis som skal inngå i ein større, samansett evaluering på vitnemålet.
Det er høve til å forbetre karakterar. Dette kan skje ved ordinære eksamenar eller ved arrangering av kontinuasjons-/ny eksamen. Oppmelding skal da skje skriftleg og innan fastsett frist. Det er den siste karakteren som gjeld.
Styret avgjer kva eksamenar som skal arrangerast.
Normalt skal slik eksamen arrangerast innan utløpet av neste semester.
1 Studenten må betala den kontinuasjons-/eksamensavgifta som skulen har vedtatt og som er gjeldande for det studieåret studenten tar eksamen.
Utsett eksamen vert arrangert for dei kandidatar som har godkjent grunn (eks. sjukefråvær) ved ordinær eksamen.
Skriftleg dokumentasjon skal leverast studiesekretær så snart som mogleg, og seinast ei veke etter eksamensdagen.
Dokumentasjonen skal innehalde opplysningar om kva eksamen dette gjeld. Dersom det ikkje er mulig å framskaffe dokumentasjon innan fristen, må studieleiar samt studiesekretær få beskjed om dette.
Utsett eksamen og ny eksamen i same fag kan arrangerast som ein og same prøve.
Påmelding til utsett eksamen må skje skriftleg innan frist som er set av studieleiar.
- 30 min. for eksamen inntil 4 timar - 45 min. for eksamen inntil 6 timar.
Styret kan annullere eksamen eller prøve dersom studenten
Styret kan annullere fritak for eksamen eller prøve dersom studenten har oppnådd dette ved hjelp av falskt vitnemål eller annan form for uredeleg opptreden.
Vedtak om annullering kan klagast til klagenemnda.
Adgang til annullering vert ikkje forelda.
Etter avgjerd om annullering, skal vitnemål leverast tilbake til høgskulen.
Jf. § 4-7 i lov om universitet og høgskuler.
Styret for høgskulen oppnemnar klagenemnda.
Grunngjevinga skal gjevast munnleg eller skriftleg etter sensor sitt val. Sensorane avgjer seg imellom kven som skal gje grunngjevinga. Jf. lov om universitet og høgskuler § 5-3 pkt. 1.
Resultatet av ny sensur er endeleg, og kan ikkje påklagast. Jf. lov om universitet og høgskuler § 5-3 pkt. 6.
Dette reglementet trer i kraft frå 31. august 2007 og erstattar eksamensreglement av 2. mars 2005.[^1]
1 Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.