§ 3. Tilgang til eksamen

  1. Alle som er tekne opp som student ved høgskulen, har automatisk rett til å gå opp til eksamen.
  2. For å få tilgang til eksamen må studenten i tillegg være registrert og påmeldt innafor dei fristar som er sett av høgskulen.
  3. Der gjeldande studieplan fastset spesielle krav til førehandskunnskapar, arbeidskrav i praksis eller teori, obligatorisk frammøte ved undervisning og skriftlege oppgåver, må slikt vere gjennomført og godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
  4. Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen (inklusiv ny eksamen) i same emne meir enn tre gonger. I særskilde høve kan høgskulen ved styret etter søknad og med innstilling frå studieleiar, gjere unntak frå denne bestemminga.
  5. Høgskulen kan ut frå ein begrunna søknad unntaksvis dispensere frå bestemminga i ovennevnte punkt.

1. Skriftleg og grunngjeva søknad skal sendast inn til høgskulen ved studiesekretær. Studiesekretær i samarbeid med studieleiar kommer med forslag til vedtak som må godkjennast av høgskulens styre. 2. Søknader om 4. gangs eksamen innvilges berre heilt unntaksvis. Grunnlaget for denne type vurdering skal til vanlig være sjukdom dokumentert gjennom legeerklæring og/eller livssituasjon som har gjort det vanskeleg å fullføre studiet innan normert tid, men som har bedra seg og som nå tilseier at sannsynlegheten for å bestå eksamen nå er vesentlig mye høgare enn sist vedkommande var oppe til eksamen.

  1. Ein student kan krevje å framstille seg til eksamen etter same pensum i inntil eit år etter at studiet skulle vere avslutta.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2007-08-31-1133
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
e38f55194e74
Innholdshash (XML)
5a3def7347e99773b7d399e8016bc350a05f17353faee65adda0d74352a31ee9
Rendererversjon
8
I kraft
2007-08-31