§ 3-2. Arbeidskrav

(1) Arbeidskrav er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen, men der resultatet ikkje går inn i ein endeleg karakter. Eksempel er innleveringsarbeid, prøve, obligatorisk frammøte eller andre krav som av fagleg-pedagogiske grunnar er lagde inn i eit emne.

(2) Arbeidskrav i undervisning og praksis skal gå fram av emneplan.

(3) Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

(4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjent arbeidskrav gyldig utan tidsavgrensing.

(5) Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere avslutta/innlevert. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk før liste over godkjente arbeidskrav skal liggje føre. Dersom arbeidskravet inneber frammøte i undervisning, praksis og liknande, som ikkje kan gjerast om att, har faglærar eit særlig ansvar for å klargjere dette for studentane. Faglærar har ansvar for å informere studentar som ikkje får godkjent arbeidskrav.

(6) Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisninga i kvart emne. Den konkrete fråværegrensa er gitt i emneplanen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-06-15-1044
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
912c4b05b4636a18fed8729776699da40cec75337355d6a2dee33cf4db15e8be
Rendererversjon
8
I kraft
2017-07-01