(1) Studentar som er tekne inn til eit emne eller eit studium ved Dykkarutdanninga, har rett til å gå opp til dei eksamenar og prøver som høyrer til studiet eller emnet. Det er ikkje høve til å gå opp som privatist ved Dykkarutdanninga.
(2) Studentar har sjølve ansvaret for å kontrollere at dei er melde opp til rett eksamen, korrigere eventuelle feil, og halde seg orienterte om tid og stad for eksamen.
(3) Studenten melder seg opp til eksamen via høgskulen sin StudentWeb. Frist for å melde seg opp til eksamen er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.