§ 3-6. Eksamen under særskilde vilkår

(1) Studentar som av medisinske eller andre grunnar har behov for spesiell tilrettelegging ved den praktiske gjennomføringa av eksamen, må sende søknad til Dykkarutdanninga ved dagleg leiar om dette seinast tre veker før eksamen. Om det oppstår akutt behov for tilrettelegging, kan det gjerast unntak frå søknadsfristen. Søknaden må innehalde dokumentasjon frå sakkunnig instans (til dømes lege, logoped, psykolog) med omtale av behovet for særleg tilrettelegging i eksamenssituasjonen.

(2) Særordningar skal likevel vere slik at eksamensprestasjonen vert vurdert etter vanlege faglege kriterium.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-06-15-1044
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
912c4b05b4636a18fed8729776699da40cec75337355d6a2dee33cf4db15e8be
Rendererversjon
8
I kraft
2017-07-01