§ 3-7. Avsluttande vurdering, eksamen og sensur

(1) Styret delegerer til dekan å nemne opp sensor ved eksamen, prøve, vurdering av oppgåver eller anna arbeid når resultatet er del av vitnemålet eller vert rekna inn i karakter for utdanninga, jf. fagskolelova § 6

(2) Sensur skal liggje føre innan tre veker dersom ikkje særlege årsaker gjer det naudsynt å bruke meir tid. Styret sjølv kan gjere unntak for enkelteksamenar og fastsetje lengre frist om det ikkje er mogleg å skaffe tilstrekkeleg med kvalifiserte sensorar som er naudsynt for å avvikle sensuren på tre veker.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-06-15-1044
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
912c4b05b4636a18fed8729776699da40cec75337355d6a2dee33cf4db15e8be
Rendererversjon
8
I kraft
2017-07-01