§ 3-8. Grunngjeving for karakterfastsetting og klage

(1) Kunngjering av eksamensresultat skjer på StudentWeb.

(2) Ein kandidat kan be om grunngjeving for karakteren på skriftleg eksamen innan 1 veke etter kunngjeringa.

(3) Viss det er gitt skriftlege retningsliner for grunngjevinga, skal desse være tilgjengelige for studentane etter at karakteren er fastsett.

(4) Ved munnleg eksamen eller sensur av praktiske ferdigheter må krav om slik grunngjeving settast fram med ein gang etter at karakteren er meddelt.

(5) Klagefristen er normalt 3 veker frå eksamensresultatet er kunngjort. Dersom kandidaten ber om grunngjeving for karakterfastsetjing eller klage over formelle feil, er klagefristen 3 veker frå kandidaten har fått grunngjevinga eller endeleg avgjerd i klagen ligg føre.

(6) Ved klage over karakterfastsetjing ved ein eksamen skal ein eller fleire nye sensorar nyttast. Minst ein sensor skal være ekstern. Dersom det ligg føre sensorrettleiing, skal denne leggjast ved klagen.

(7) Ved ny sensur skal sensorane ikkje få opphavleg karakter, sensors grunngjeving for denne eller studentens grunngjeving for klagen, jf. fagskoleloven § 8 (4).

(8) Sensur av munnleg prestasjon eller liknande som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan ikkje klagast på.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-06-15-1044
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
912c4b05b4636a18fed8729776699da40cec75337355d6a2dee33cf4db15e8be
Rendererversjon
8
I kraft
2017-07-01