§ 3. Underhaldskostnaden

Ved offentleg fastsetjing skal det nyttast fastsette underhaldskostnader. Kostnadene omfattar forbruksutgifter, buutgifter og utgifter til barnetilsyn.

Forbruksutgiftene skal setjast i fire aldersgrupper: 0–5 år, 6–10 år, 11–14 og 15–18 år, og skal reknast ut frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO sitt referansebudsjett for forbruksutgifter. Endringane i forbruksutgiftene skal setjast til 1. juli det året barnet fyller 6, 11 eller 15 år.

Bukostnadene til barnet skal reknast ut frå Statistisk sentralbyrå (SSB) sine forbruksundersøkingar med utgangspunkt i gjennomsnittleg faktisk forbruk. Kostnaden skal vere felles for alle barn og skal gjelde utan omsyn til kvar i landet barnet bur.

Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast ut frå om tilskotsmottakaren mottek 64 prosent stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Tilsynsordningar på 33 eller fleire timar per veke skal reknast som heiltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB sine foreldrebetalingsundersøkingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Utgifter til skolefritidsordning skal setjast som ein eigen sats, inndelt i heiltids- eller deltidsordning. Skolefritidsordning inntil 25 timer per veke skal reknast som heiltidstilsyn, og skolefritidsordning inntil 10 timer per veke skal reknast som deltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB si oversikt over gjennomsnittlege foreldrebetalingssatsar for skolefritidsordning. Når tilskotsmottakaren ikkje mottek stønad til barnetilsyn etter første punktum, skal det reknast faktiske utgifter opp til ein fastlagd sats redusert for mellom anna fordelen av foreldrefrådrag i inntekt. Ved fastsetjinga av denne satsen gjeld maksimalsatsane for barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Når tilskotsmottakaren mottek tilleggsstønad etter folketrygdlova § 15-11, skal dei fastsette dagsatsane komme til frådrag i dei faktiske utgiftene. Utgifter til barnetilsyn utover fjerde skoleår skal berre takast med når tilskotsmottakaren mottek stønad til tilsynet etter folketrygdlova § 15-10 og § 15-11.

Til frådrag i dei samla kostnadene kjem den satsen for barnetrygd som gjeld for barnets aldersgruppe når grunnlagstala i underhaldskostnaden blir endra kvart år.

For tilskot til barn over 18 år skal underhaldskostnaden for aldersgruppa 15-18 år nyttast, men slik at det ikkje skal gjerast frådrag for barnetrygd.

Endra ved forskrifter 18 des 2003 nr. 1656 (i kraft 1 jan 2004), 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004), 31 mai 2005 nr. 502 (i kraft 1 juli 2005), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 23 mai 2012 nr. 447 (i kraft 1 juli 2012), 6 juni 2016 nr. 580 (i kraft 1 juli 2016), 5 juni 2018 nr. 843 (i kraft 1 juli 2018), 28 mai 2021 nr. 1746 (i kraft 1 juli 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2003-01-15-123
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c04c0fa1d897d618615c4cd48d24661a1ce9600c46b25e7f0a663775584a713b
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-07-01