§ 4. Inntekt

Inntekta for kvar av foreldra skal setjast til personinntekt og positiv netto kapitalinntekt som overstig kr 10.000,- per år.

Har ein part inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta til og med inntektsåret 2005. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret, framført underskot frå tidlegare år og godtgjering for arbeid til deltakar i deltakarlikna selskap.

Har ein part inntekt frå enkeltpersonføretak, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta frå inntektsåret 2006. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret og framført underskot frå tidlegare år.

For personleg deltakar i aksjeselskap eller deltakarlikna selskap skal alle utdelingar frå selskapet til deltakaren reknast med ved fastsetjinga av positiv netto kapitalinntekt etter første leddet. Det gjeld også den delen av utdelinga som er skjerma for skattlegging hos deltakaren. For deltakar i deltakarlikna selskap skal ikkje den løpande fordelinga av selskapsoverskotet eller utdeling for å dekkje ordinær skatt takast med. Særskild godtgjering til deltakar i deltakarlikna selskap etter selskapslova § 2-26 første ledd blir rekna som personinntekt etter første leddet.

Når tilskotsmottakaren mottek kontantstøtte for tilskotsbarnet, utvida barnetrygd eller ekstra småbarnstillegg, skal dette leggjast til i inntekta til tilskotsmottakaren. Det same gjeld den fastsette fordelen av særfrådrag for einsleg forsytar. Skattefordelen skal setjast til gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og trinn 2. Dersom nokre av ytingane i dette stykket er fordelte mellom foreldra som følgje av avtale om delt bustad o.a., skal ytingane leggjast til i kvar av foreldra si inntekt som tilskotsmottakarar slik dei er fordelte.

Inntekta skal fastsetjast etter skjønn når ein av foreldra ikkje legg fram etterspurd dokumentasjon, eller dersom det er grunn til å tru at forelderen held tilbake opplysningar som kan ha noko å seie for avgjerda. Det same gjeld når ein av foreldra er utan inntekt, eller inntekta er vesentleg lågare enn det han eller ho burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at forelderen kan gi ein rimeleg grunn til at han eller ho ikkje har inntekt eller at inntekta ikkje er høgare. Inntekta blir ikkje rekna for å vere vesentleg lågare dersom forelderen har ei inntekt som er opp til 20 prosent lågare enn det han eller ho elles burde kunne oppnå.

Endra ved forskrifter 13 april 2007 nr. 406 (i kraft 1 mai 2007), 15 des 2008 nr. 1367 (i kraft 1 jan 2009), 12 des 2012 nr. 1258 (i kraft 1 jan 2013), 19 des 2017 nr. 2241 (i kraft 1 jan 2018).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2003-01-15-123
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c04c0fa1d897d618615c4cd48d24661a1ce9600c46b25e7f0a663775584a713b
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-07-01