(1) Når komiteen si innstilling er samrøystes positiv, er avhandlinga verdig forsvar for graden doctor philosophiae (dr.philos.).
(2) Når komiteen har gitt innstilling med dissens eller samrøystes negativ innstilling, skal fakultetet vurdera om arbeidet er verdig forsvar for graden dr.philos.:
Dersom komiteen finn å kunna leggja innstillinga / fleirtalet si innstilling til grunn, gjer fakultetet vedtak i samsvar med innstillinga.
Dersom fakultetet finn at det er rimeleg tvil om komiteen si innstilling / fleirtalet si innstilling skal leggjast til grunn, kan fakultetet be om nærare avklaring frå komiteen og/eller nemna opp to nye sakkunnige som gir individuell vurdering av avhandlinga eller nemna opp ny komité. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsette ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare. For oppnemning av ny komité gjeld § 11. Innstillinga og eventuelle merknader frå kandidaten skal leggjast ved til dei sakkunnige / den nye komiteen.
Tilleggsavklaringar skal leggjast fram for kandidaten, som får høve til å komma med merknader.
(3) Når komiteen anbefaler at kandidaten skal få høve til ei mindre omarbeiding før endeleg innstilling, skal fakultetet vurdera
om det er grunnlag for å ta forslaget til følgje, jf. § 15 andre og tredje ledd eller
om fakultetet skal be komiteen gi endeleg innstilling utan at avhandlinga blir omarbeidd eller
gjera endeleg vedtak på grunnlag av innstillinga og eventuelle merknader frå kandidaten.
(4) Fakultetet skal orientera kandidaten om utfallet av behandlinga.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.