(1) Enkeltvedtak som er gjorde med heimel i denne forskrifta, kan klagast på, jf. forvaltningslova § 28 til § 32. Klagefristen er 3 veker frå den dagen resultatet av opptaket er offentleggjort, eventuelt 3 veker frå den dagen søkjaren har motteke grunngjeving.
(2) Ved vedtak som er basert på ei skjønsmessig, kunstfagleg vurdering, jf. § 5-3, er det berre mogleg å klage på formelle feil i samband med gjennomføring av opptaksprøver.
(3) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak organisert gjennom Samordna opptak, blir handsama av Nasjonal klagenemnd, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1 sjuande ledd og forskrift om opptak til høgre utdanning § 8-1.
(4) Klager som gjeld opptak etter universitets- og høyskoleloven § 3-6 andre og tredje ledd, blir handsama av Klagenemnda ved Universitetet i Bergen, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning § 8-1 andre ledd.
(5) Klage på enkeltvedtak i samband med opptak til studium som ikkje inngår i samordna opptak, blir handsama av klagenemnda ved Universitetet i Bergen, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-1.
Endra ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020, tidligere § 7-5).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.