§ 14. Sektoravgift for sendarløyve som ikkje fell inn under § 12, § 13 og § 16

Innehavar av jordstasjonar for satellitt skal betale ei sektoravgift på kr 8190 for kvart frekvensband det blir sendt i for kvar jordstasjon. Innehavar av jordstasjonar på Svalbard og i Antarktis skal i tillegg betale ei sektoravgift på kr 8 190 for kvart frekvensband det blir mottatt signal i for kvar jordstasjon.

Innehavar av stasjon i radiotelemetrisystem, punkt til punkt og punkt til multipunkt, skal betale sektoravgift avhengig av utstrålt effekt (e.r.p.). Avgifta skal være kr 290 for kvar sendar for stasjonar med effekt under eller lik 0,5 W og kr 850 for kvar sendar for stasjonar med effekt høgare enn 0,5 W.

Innehavar av sendarløyve til lokale nett i frekvensbandet 3,8-4,2 GHz skal betale sektoravgift avhengig av bandbreidde og utstrålt effekt slik det går fram av tabellen under. Lav-effekt inneber ein maksimal tillaten spektral effekttettleik på 18 dBm / 5 MHz EIRP for basestasjonane. Medium-effekt inneberer ein maksimal tillaten spektral effekttettleik på 36 dBm / 5 MHz EIRP for basestasjonane.

Bandbreidde lokale nettPris lav-effekt brukPris medium-effekt bruk
20 MHz2201 080
40 MHz4301 520
60 MHz8702 390
80 MHz1 7304 130

Innehavar av sendarløyve som ikkje inngår i første til tredje ledd, skal betale sektoravgift for kvar sendar innehavar har avhengig av bandbreidde og frekvensband sendarane bruker, som det går fram av tabellen under. Dersom det nyttast MIMO-teknologi mellom to punkt, skal det berre betalast ei sektoravgift per stasjon for same frekvens, polarisasjon og bandbreidde.

Frekvensband sendarane brukerBandbreiddePris per sendar i kr
Lågare enn 1 GHzTil og med 25 kHz880
Lågare enn 1 GHzOver 25 kHz til og med 150 kHz1 170
Lågare enn 1 GHzOver 150 kHz2 100
Frå og med 1 GHz og lågare enn 5,15 GHzTil og med 2 MHz1 160
Frå og med 1 GHz og lågare enn 5,15 GHzOver 2 MHz2 020
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHzTil og med 25 MHz670
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHzOver 25 MHz til og med 49 MHz870
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHzOver 49 MHz til og med 70 MHz1 130
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHzOver 70 MHz1 470
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHzTil og med 25 MHz420
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHzOver 25 MHz til og med 49 MHz540
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHzOver 49 MHz til og med 90 MHz700
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHzOver 90 MHz til og med 150 MHz920
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHzOver 150 MHz1 210
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHzTil og med 25 MHz250
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHzOver 25 MHz til og med 49 MHz300
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHzOver 49 MHz til og med 90 MHz350
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHzOver 90 MHz til og med 150 MHz430
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHzOver 150 MHz520
Frå og med 57 GHz210

Endra ved forskrifter 29 jan 2024 nr. 135, 13 des 2024 nr. 3121 (i kraft 1 jan 2025), 25 juni 2025 nr. 1325 (i kraft 1 juli 2025 med veknad frå 1 jan 2025), 29 jan 2026 nr. 113 (i kraft 1 feb 2026 med verknad frå 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-01-17-79
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
c811418c283e
Innholdshash (XML)
6868ecef3141e71768717313461b22f769a8e6b1e725a92cf040f699b319b0ac
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-17
Siste endring i kraft
2026-02-01