Det samla beløpet som blir krevje inn frå innehavarar av spektrumsløyve etter denne paragrafen, er beløpet etter § 2 første ledd nummer 2 etter frådrag for sektoravgift og gebyr etter § 11 til § 14 og § 16.
Innehavarane av spektrumsløyve skal betale ei sektoravgift som består av to delar utrekna slik:
Kvar samanhengande frekvensblokk eit spektrumsløyve omfattar blir tilordna ei vekt i høve til bandbreidda og ei vekt i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta bandbreidde blir rekna ut ved at vekta i høve til bandbreidda blir multiplisert med vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta i høve til bandbreidde er lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sins ressursbruk følgjer av tabellen under. For frekvensband som ikkje er nemnde i tabellen, vert vekta lik 1. For regionale løyve blir vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. For løyve som gjeld på Svalbard blir vekta multiplisert med 1/100. For løyve som gjeld offshore blir vekta multiplisert med 1/5.
| Frekvensband | Vekt |
|---|---|
| 0–30 MHz | 0,025 |
| 47–68 MHz | 0,1 |
| 137–174 MHz | 4,0 |
| 174–240 MHz | 7,0 |
| 380–400 MHz | 3,0 |
| 400–470 MHz | 6,0 |
| 470–694 MHz | 3,0 |
| 738–758 MHz | 7,0 |
| 703–733/758–788 MHz | 7,0 |
| 791–821/832–862 MHz | 8,0 |
| 876–880/921–925 MHz | 4,0 |
| 880–915/925–960 MHz | 9,0 |
| 1427–1517 MHz | 2,5 |
| 1710–1785/1805–1880 MHz | 17,0 |
| 1920–1980/2110–2170 MHz | 20,0 |
| 2500–2690 MHz | 9,0 |
| 3400–3800 MHz | 6,0 |
| 25100–27500 MHz | 6,0 |
Endra ved forskrift 29 jan 2024 nr. 135.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.