§ 1. Generelle reglar om norske, samiske og kvenske stadnamn

Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving, når ikkje anna følgjer av reglane nedanfor. Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.

For samiske og kvenske stadnamn skal det takast særleg omsyn til munnleg tradisjon.

Skal eit objekt som ikkje har hatt namn, namnsetjast, skal det takast omsyn til lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden.

I saker der ein etter stadnamnlova § 4 andre ledd vurderer å velje ein skrivemåte som har vore lenge i bruk, skal det takast med i vurderinga

  1. om skrivemåten kan medverke til at meiningsinnhaldet i namnet ikkje kjem tydeleg fram
  2. om skrivemåten kan endre den nedervde lokale uttalen av namnet
  3. kor lang og dominerande tradisjon skrivemåten har på namneobjektet
  4. kor stor semje det er om skrivemåten lokalt
  5. om skrivemåten har tradisjon i det språket som namnesaka gjeld.

Skrivemåtar som kan medverke til at meiningsinnhaldet ikkje kjem tydeleg fram, eller til at den nedervde lokale uttalen blir endra, kan berre godtakast dersom dei har ein lang og dominerande tradisjon, og det er stor semje om dei lokalt. Ved fastsetjing av skrivemåten til samiske og kvenske stadnamn, skal ikkje eldre, fornorska skrivemåter godtakast.

Endra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-05-23-638
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6aeff75aae175daf5b505639341a94f7d04f067bf9695f1a5d52d957f7e95d76
Rendererversjon
8
I kraft
2017-05-23
Siste endring i kraft
2022-02-14