§ 2. Korleis lydleg overførte stadnamn i fleirspråkleg område skal skrivast

Stadnamn som heilt eller delvis er lydleg overførte frå andre språk, og som har fått ein innarbeidd uttale i mottakarspråket, skal følgje rettskrivingsreglane i mottakarspråket. Har eit slikt stadnamn ikkje fått ein innarbeidd uttale, skal det følgje rettskrivingsreglane i opphavsspråket.

Inneheld eit overført stadnamn eit ledd som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan dette leddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet skal følgje rettskrivingsreglane i mottakarspråket. I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i mottakarspråket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-05-23-638
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6aeff75aae175daf5b505639341a94f7d04f067bf9695f1a5d52d957f7e95d76
Rendererversjon
8
I kraft
2017-05-23
Siste endring i kraft
2022-02-14