§ 3-2. Akkreditering og etablering av nye studieprogram

(1) Utdanningsutvalet sjølv gjer vedtak om akkreditering og godkjenning av studieplan på nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng innanfor fagområde der høgskulen kan tildele doktorgrad, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-2 og § 3-4 første og tredje ledd.

(2) Styret sjølv gjer vedtak om etablering av nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng. Styret gjer vedtak på grunnlag av godkjend utgreiingsløyve, og vedtak om akkreditering i Utdanningsutvalet.

(3) Dekan sjølv vurderer studieprogram i høve krav til akkreditering av studietilbod i forskrift til universitets- og høyskoleloven, godkjenner studie- og emneplanar og gjer vedtak om etablering av studieprogram og emne til og med 60 studiepoeng.

(4) Alle studieprogram skal vere knytt til eit fakultet, eit studieprogramråd og ha ein studieprogramansvarleg med eit definert ansvar. Når eit studieprogram er sett saman av emne frå fleire fakultet, skal organet som treff vedtak om etablering avgjere kva fakultet som skal ha det samla faglege ansvaret.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10