§ 3-3. Endring av etablerte studieprogram og studieplanar

(1) Utdanningsutvalet ved høgskulen gjer vedtak om godkjenning av vesentlege endringar i etablerte studieprogram i tråd med retningslinjer fastsett av høgskulen.

(2) Programutvalet godkjenner endringar i ph.d.-program innanfor ramma av akkreditering.

(3) Dekan gjer vedtak om oppretting av nye emne eller nedlegging av eksisterande emne i bachelor- og masterprogram, og godkjenner revisjon av eksisterande emne innan høgskulen sine fastsette fristar. Endringane gjeld frå påfølgjande studieår.

(4) Ved endring i studieprogram for studentar i normert løp, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at det samla læringsutbyttet for studiet blir vidareført, og at studentane får fullført på normert tid.

(5) Dekan kan avlyse valemne som ikkje er obligatoriske i eit studieprogram, om studenttalet er lågt eller det ligg føre andre særlege grunner. Dekan fastset frist for avlysing.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10