§ 3-4. Nedlegging og nullopptak

(1) Dersom høgskulen i samband med gjennomgang av studieportefølje vurderer å leggje ned eit studieprogram, avvikle studieprogrammet på ein av studiestadane, eller ha nullopptak på programmet skal dekan sikre medverknad frå studentar, fagmiljø og samfunns- og arbeidsliv. Medverknaden skal vere i tråd med vedtekne prosess-skildringar og retningslinjer.

(2) Styret sjølv vedtek nedlegging og nullopptak på studieprogram over 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utferding av vitnemål, slik at studentane får fullført på normert tid.

(3) Dekan sjølv vedtek nedlegging og nullopptak på studieprogram til og med 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utferding av vitnemål.

(4) Det skal utarbeidast overgangsordning ved nedlegging av studieprogram. Dersom anna ikkje er bestemt i overgangsordninga eller i forskrift om rammeplan til studieprogrammet, kan høgskulen produsere vitnemål inntil fem år etter siste avslutta undervisingssemester.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10