§ 4-7. Studierett på emne

(1) Emne med ledig kapasitet kan lysast ut som enkeltemne.

(2) Emnestudentar har opptak til eitt eller fleire enkeltemne utan å ha studierett til studieprogrammet emnet høyrer til. Dei skal følgje ordinær undervisning med dei same rettane og pliktene på emnet som programstudentar.

(3) Opptak til enkeltemne blir regulert i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet.

(4) Studierett på emne gjeld berre det eller dei semestera det er gitt opptak til. Dersom eksamen ikkje er bestått, kan studenten melde seg opp til påfølgjande ny eksamen.

(5) Emnestudentar må oppfylle vilkåra i § 4-2 (2) bokstav a, c og d, betale kopi og læremiddelavgift etter § 4-5 (1) og eventuell anna fastsett avgift for emnet, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10