§ 4-8. Tap av studierett

(1) Studentar som ikkje fullfører semesterregistrering etter § 4-2 innan fristen, eller ikkje møter til semesterstart på nytt program jf. forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet § 8-2, taper studieretten.

(2) Studentar som blir stoppa av progresjonskrav taper studieretten når dei

  1. har brukt alle forsøka på å fullføre eit emne, eksamen eller praksisperiode utan godkjent resultat, jf. § 10-12 og § 11-5, eller
  2. ikkje kan fullføre emne, eksamen eller praksisperiode grunna utestenging frå praksis etter universitets- og høyskoleloven § 12-2 andre ledd.

(3) Studentar som har brukt opp forsøk på ein eksamen utan bestått resultat, får etter § 11-5 nye forsøk i emnet fem år etter siste eksamensforsøk. Studentar som har brukt opp forsøk i eit praksisemne utan å få bestått resultat, får etter § 10-12 nye forsøk fem år etter siste forsøk. Ved nytt opptak må det vurderast fagleg om studenten kan starte på same nivå.

(4) Studentar som ikkje oppnår studiepoeng i eit program i to semester på rad, taper studieretten til programmet. I desse to semestera inngår ikkje innvilga permisjonar, opphald i progresjon som går fram av utdanningsplanen og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i høgskulen si klagenemnd.

(5) Studierett som er stengd kan bli gjenopna innan eitt år etter han er stengd, om det ligg føre særlege grunnar og stenginga rammar studenten utilsikta og uforholdsmessig hardt. Fakultetet avgjer søknad om å opne stengd studierett, og set opp ny utdanningsplan med nytt sluttpunkt for studieretten. Studierett kan berre bli gjenopna for same studieprogram.

(6) Studentar som får opptak til eit nytt studieprogram ved HVL med ei varigheit på meir enn eitt semester, taper studieretten til det tidlegare studieprogrammet, med mindre det er gode faglege grunnar for å ha fleire studierettar samtidig. Dette gjeld ikkje for etter- og vidareutdanningar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10