§ 3-5. Tap av studierett

(1) Fagskulen kan trekke tilbake studieretten dersom

  1. studenten melder at hen ønsker å avslutte utdanninga
  2. studenten ikkje oppfyller krava i § 3-3 andre ledd der dette er påkravd
  3. studenten byter til ei anna utdanning ved Fagskulen Vestland, jf. § 3-2 siste ledd
  4. studenten ikkje oppfyller krava til studieprogresjon i § 3-4
  5. studenten har brukt maksimalt antal vurderingsforsøk utan å ha bestått eit emne som er obligatorisk for utdanninga, jf. § 6-14
  6. den maksimale gyldigheitsperioden for studieretten er over, jf. § 3-2 sjette ledd
  7. studenten blir utestengd frå utdanninga etter fagskoleloven § 26 tredje ledd
  8. studenten har fullført og bestått utdanninga.

(2) Vedtak etter første ledd bokstav d og f skal ta omsyn til innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging.

(3) Studentar som mister studieretten etter første ledd bokstav a til g må søke nytt opptak til fagskulen for å få fullføre utdanninga. Opptak kan vere avgrensa av reglar om progresjon og antal vurderingsforsøk, jf. §§ 3-4 og 6-14.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01