§ 9-6. Vurdering av skikkaheit

(1) Fagskulen Vestland skal vurdere om studentane i bestemte utdanningar er skikka for yrket. Skikkavurdering skal finne stad gjennom heile utdanninga, jf. fagskoleloven § 26 første ledd. Fagskulen Vestland gjennomfører skikkavurdering i tråd med reglane i fagskoleloven § 26 og fagskoleforskriften kapittel 5.

(2) Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving kan utgjere fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettar og sikkerheit til barn, unge eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket, jf. fagskoleforskriften § 26.

(3) Ved Fagskulen Vestland er følgande utdanningar underlagt skikkavurdering:

  1. Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
  2. Psykisk helsearbeid og rusarbeid
  3. Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi
  4. Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta.

Andre utdanningar kan også vere underlagt skikkavurdering.

(4) For utdanningar underlagt skikkavurdering skal rektor utnemne skikkaansvarleg(e) for skikkavurdering, jf. fagskoleforskriften 32 første ledd. Styret sjølv oppretter ei skikkanemnd i tråd med fagskoleforskriften § 31.

(5) Den lokale klagenemnda kan etter innstilling frå skikkanemnda vedta at ein student ikkje er skikka for yrket. Blir det fatta eit slikt vedtak, kan klagenemnda vedta at studenten også skal stengast ute frå utdanninga i inntil fem år, jf. fagskoleloven § 26 tredje ledd.

(6) Ved utestenging vil studenten miste studieplassen, og må søke nytt opptak dersom hen vil starte opp igjen på utdanninga etter utestengingsperioden, jf. fagskoleforskriften § 36 siste ledd, jf. § 3-5 første ledd bokstav g.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01