I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 37 tredje leddet kan statsforvaltaren avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Dersom innløysinga handsamast ved skjønn etter tomtefestelova § 37 andre leddet, kan statsforvaltaren heilt eller delvis overlate til skjønnet å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som statsforvaltaren har gjort.
Så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følgjer av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga, kan statsforvaltaren eller skjønnet i ei sak etter første ledd ta alle avgjerder som trengst for å
Før statsforvaltaren treffer avgjerd eller overlet saka til skjønnet, skal statsforvaltaren innhente fråsegn frå partane i festehøvet og den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova. Ved innløysing i allmenning skal fråsegn også innhentast frå fjellstyre og allmenningsstyre. Vidare skal statsforvaltaren vurdere om det trengst samtykke frå eller bør hentast inn fråsegn frå andre offentlege organ. Hvis saka er overlate til skjønnet, skal kommunen der området ligg, varslast til skjønnet som blir halde og har rett til å møte. I allmenning gjeld dette også for fjellstyret og allmenningsstyret. Einkvar som har festerett til tomt i eit planområde eller ei allmenning, har også rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd innløysing.
Endra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003), 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifta for overgangsreglar), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.