§ 6. (Om utsetjing av avgjerd om kva som skal følgje med ved innløysing)

Før statsforvaltaren fastset kva som skal følgje med ved innløysing av tomt i eit område der tomter er festa bort etter ein samla plan, skal han søkje å klarleggje om også andre festarar i området vil be om at statsforvaltaren fastset kva som skal følgje med ved ei innløysing. I så fall skal alle sakene så langt råd er takast opp og avgjerast under eitt. Avgjerda kan utsetjast i inntil ti år dersom omsynet til sams førehaving gjer dette turvande, men ikkje lenger enn fem år utan at det ligg føre særlege grunnar.

Endra ved forskrifter 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifta for overgangsreglar), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2001-06-08-570
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
bf98fead1133594a1011c83872b4baadbd025668f5bb22ff4a491a73663aa68a
Rendererversjon
8
I kraft
2002-01-01
Siste endring i kraft
2021-11-01