§ 1-2. Definisjonar

I denne forskrifta tyder

  1. kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem,
  2. kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering.
  3. opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling,
  4. salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon,
  5. returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester,
  6. kopikvittering: kopi av salskvittering,
  7. foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal,
  8. utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal,
  9. treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering,
  10. kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort,
  11. kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare,
  12. elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form,
  13. Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet,
  14. X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport,
  15. grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet,
  16. grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur,
  17. grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur,
  18. STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner,
  19. Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.

Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2015-12-18-1616
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
5963df2545bf0813b602c3492577c67b39904a2df7100dd6b157445823a464f2
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-01
Siste endring i kraft
2026-02-03