Forskrifta utfyller og gjennomfører føresegnene i kassasystemlova.
I denne forskrifta tyder
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
Med tilpassing av kassasystem, jf. kassasystemlova § 2 bokstav e) meinast tilpassingar som påverkar kassasystemet sine funksjonar eller oppbygging.
(1) Av systemskildringa som nemnt i kassasystemlova § 3 andre ledd skal det gå fram korleis kassasystemet kan kontrollerast. Dersom kassasystemet oppbevarer dokumentasjon av bokførte opplysningar, og det er nødvendig for å kunne kontrollere bokførte opplysningar på ein enkel måte, skal systemskildringa også dokumentere kontrollsporet, blant anna korleis systemgenererte poster kan etterprøvast.
(2) Dersom eit kassasystem vert endra ved at det blir tilført nye funksjonar eller det blir gjort endringar som påverkar oppbygginga av systemet, skal det enten utarbeidast eit tillegg til systemskildringa over dei endringane som er gjort eller ei heilt ny systemskildring. Dokumentasjonen skal følgje med kassasystemet.
Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt. Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og utskrift av salskvittering ikkje blir beordra frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt kor det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128.
(1) Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til i, l til n og r.
(2) Kassasystemet skal for det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein eksportfunksjon, slik at det er mogeleg å overføre opplysningane i elektronisk journal til eksternt lagringsmedium.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128.
Systemskildring, programvare, servicemanual, programmeringsverktøy og programmeringsmanual skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Det same gjeld tekst på kvitteringar, X-rapport og Z-rapport samt registrering av kontinuerleg bruk.
(1) Kassasystemet skal kunne registrere vekselkasse.
(2) Kassasystemet skal kunne registrere betaling med ulike typar betalingsmiddel.
(3) Kassasystemet skal ha klokke. Klokka skal vere stilt til norsk normaltid og justerast for sommartid.
(4) Kassasystemet skal klart skilje mellom positive og negative beløp på alle kvitteringar, rapportar og i elektronisk journal.
(5) Kassasystem som er tenkt til bruk for fleire bokføringspliktige, skal vere lagt til rette for at all kontinuerleg bruk, blant anna betalingsmiddel, blir registrert særskilt for kvar enkelt bokføringspliktige verksemd.
(1) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha andre funksjonar enn det som går fram av systemskildringa, jf. kassasystemlova § 3 andre ledd.
(2) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje kunne koplast saman med eller integrerast med utrustning eller programvare som gjer det mogeleg å endre eller slette elektronisk journal.
(3) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha funksjonar som gjer det mogeleg for brukaren å ta bort, endre eller legge til opplysningar i registreringane. Programmert tekst på varer og tenester skal ikkje kunne endrast ved eller etter registreringa.
(4) Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet fullfører salet og skriv ut ei salskvittering. Kravet til at kassasystemet skal generere utskrift automatisk gjeld ikkje dersom det i samband med salet nyttast ei betalingsløysing som er integrert i kassasystemet. For drivstoff-, parkerings- og billettautomatar, samt andre ubetjente automatar som har funksjon til å skrive salskvittering, kan systemet ha ein funksjon som gjer det frivillig for kunden å ta ut salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering. Dette er ikkje til hinder for at taxfree-butikkar i lufthavner har system som kan skrive ut fleire STEB-kvitteringar.
(5) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom integrert kassaskuff er open.
(6) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom lagringsminnet er fullt.
(7) Det skal ikkje vere mogeleg å merke særskilte varer eller tenester i kassasystemet slik at dei ikkje blir tekne med på X- og Z-rapport.
(8) Eit kassasystem som blir kopla saman med ei ikkje-automatisk vekt, skal ikkje kunne påverke vekta sine måletekniske eigenskapar, jf. forskrift 21. desember 2007 nr. 1735 om krav til ikke-automatiske vekter.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349.
(1) All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal. Dette omfattar også opplysningar på kvitteringar som nemnt i § 1-2 bokstavane d til h. Elektronisk journal skal vere sikra mot endring og sletting. Elektronisk journal kan overførast til eit anna elektronisk medium i eit filformat som ikkje enkelt lar seg redigere. Slik overføring skal ikkje kunne gjerast før kassasystemet har produsert ein Z-rapport. Systemet skal kunne produsere ei fil direkte frå elektronisk journal eller anna elektronisk medium i ei standardisert form fastsett av Skattedirektoratet.
(2) Tidspunkta for opning av integrert kassaskuff skal gå fram av elektronisk journal.
(3) Dersom kassasystemet har funksjonar for fastsetjing av prisar for varer og tenester, skal det vere mogeleg å ta fram opplysningar om aktuelle prisar frå kassasystemet. Det skal i slike tilfelle gå fram av den elektroniske journalen når prisane har blitt endra. Det same gjeld ved andre endringar i dei faste opplysningane.
(4) Dersom kassasystemet har funksjonar for å undersøke pris, skal slike prisundersøkingar registrerast i elektronisk journal.
(5) Dersom kassasystemet har funksjonar for identifikasjon av den enkelte operatør ved bruk av kort eller liknande, skal elektronisk journal innehalde opplysningar om vedkomande sitt namn eller tilsettnummer i samband med salstransaksjonane og andre registreringar.
(6) All kontinuerleg bruk må kunne identifiserast og skiljast ut med eit startpunkt.
Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.
Kassasystemet skal for kvart kassapunkt kunne produsere X-rapportar, Z-rapportar, salskvitteringar og returkvitteringar. Dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal også utleveringskvittering kunne produserast.
Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.
Ein X-rapport skal minst innehalde desse opplysningane:
Dersom det vert skrive ut kvitteringar for kredittsal frå kassapunktet, skal talet på kredittsal og beløp spesifiserast. Det same gjeld innbetalingar og returkvitteringar som gjeld kredittsal. Også talet på andre inn- og utbetalingar som blir registrert på kassapunktet, skal spesifiserast på type og beløp.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
(1) Ein Z-rapport skal minst innehalde opplysningar som nemnt i § 2-8-2, med unntak av opplysninga i første ledd bokstav a. I tillegg skal Z-rapporten vere fortløpande nummerert og innehalde ei påskrift om at rapporten er ein Z-rapport. Z-rapporten kan ikkje innehalde registreringar som er omfatta av ein tidlegare Z-rapport.
(2) Det skal ikkje vere mogeleg å utarbeide ein Z-rapport utan at alle sal er avslutta. Ein Z-rapport kan ikkje ha same nummer som ein tidlegare Z-rapport.
Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.
Ei salskvittering skal minst innehalde opplysningar som nemnt i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring § 5-3-12 samt opplysningar om type betalingsmiddel og ID-nummeret til kassapunktet. Ordet «Salskvittering» skal visast øvst på kvitteringa. Dersom salskvitteringa er framstilt i elektronisk form skal orda «Elektronisk salskvittering» visast. Dersom betalingsløysinga er integrert med kassasystemet, skal salskvitteringa også innehalde transaksjons-ID.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 21 sep 2018 nr. 1349, 12 feb 2019 nr. 85.
Ordet «Returkvittering» skal gå fram øvst på kvitteringa. I tillegg gjeld føresegnene i § 2-8-4 tilsvarande for returkvittering.
Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, STEB-kvittering, foreløpig kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «STEB-kvittering», «Foreløpig kvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Treningskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
Dersom kassasystemet blir nytta til å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal det skrivast ut ei kvittering som viser kva slags varer og tenester som er levert. Kvitteringa skal tydeleg merkast «Utleveringskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Utleveringskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
Kvittering frå betalingsterminal som ikkje er integrert med kassasystemet skal tydeleg merkast «IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.
Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.
(1) Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk.
(2) Det skal ikkje leverast meir enn ei produktfråsegn for same versjon av kassasystemet. Dersom ein utanlandsk produsent ikkje sjølv leverer produktfråsegn, skal alle importørar av kassasystemet levere kvar si produktfråsegn med unik versjonsidentifikasjon.
Endra ved forskrifter 4 juli 2018 nr. 1128, 3 feb 2026 nr. 129.
(1) Dersom leverandøren trekkjer kassasystemet frå marknaden eller skattekontoret gjev leverandøren pålegg om å trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6, må leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om det til sine kundar.
(2) Eit pålegg frå skattekontoret om å utbetre manglar eller trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6 andre ledd, skal innehalde ein frist for å gjennomføre pålegget.
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.