(1) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha andre funksjonar enn det som går fram av systemskildringa, jf. kassasystemlova § 3 andre ledd.
(2) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje kunne koplast saman med eller integrerast med utrustning eller programvare som gjer det mogeleg å endre eller slette elektronisk journal.
(3) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha funksjonar som gjer det mogeleg for brukaren å ta bort, endre eller legge til opplysningar i registreringane. Programmert tekst på varer og tenester skal ikkje kunne endrast ved eller etter registreringa.
(4) Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet fullfører salet og skriv ut ei salskvittering. Kravet til at kassasystemet skal generere utskrift automatisk gjeld ikkje dersom det i samband med salet nyttast ei betalingsløysing som er integrert i kassasystemet. For drivstoff-, parkerings- og billettautomatar, samt andre ubetjente automatar som har funksjon til å skrive salskvittering, kan systemet ha ein funksjon som gjer det frivillig for kunden å ta ut salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering. Dette er ikkje til hinder for at taxfree-butikkar i lufthavner har system som kan skrive ut fleire STEB-kvitteringar.
(5) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom integrert kassaskuff er open.
(6) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom lagringsminnet er fullt.
(7) Det skal ikkje vere mogeleg å merke særskilte varer eller tenester i kassasystemet slik at dei ikkje blir tekne med på X- og Z-rapport.
(8) Eit kassasystem som blir kopla saman med ei ikkje-automatisk vekt, skal ikkje kunne påverke vekta sine måletekniske eigenskapar, jf. forskrift 21. desember 2007 nr. 1735 om krav til ikke-automatiske vekter.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.