§ 10-8. Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg

Dei som har vore oppe til munnleg eksamen eller eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa av eksamen som kan ha hatt noko å seie for resultatet. Statsforvaltaren er klageinstans.

Skolen skal sende klaga til statsforvaltaren, saman med eksamensoppgåva og ein kopi av dei retningslinjene kommunen eller fylkeskommunen har fastsett for gjennomføringa av lokalt gitt eksamen. I tillegg skal skolen sende statsforvaltaren ei fråsegn frå rektor om gjennomføringa av eksamen og ei fråsegn som rektor har henta inn frå sensor og eksaminator, om gjennomføringa av eksamen. Fylkeskommunen sender det same til statsforvaltaren når det gjeld privatistar. Fråsegna om gjennomføringa av eksamen skal då vere frå fylkeskommunen.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller annullere karakteren. Dersom statsforvaltaren kjem fram til at formelle feil kan ha verka inn på karakteren, skal karakteren annullerast.

Elevar som får karakteren annullert, kan velje å gå opp til ny eksamen, jf. § 9-37. Om dei vel å gå opp på nytt i eit trekkfag, skal faget trekkjast på nytt. Privatistar som ikkje har standpunktkarakter i faget, må gå opp til eksamen på nytt dersom dei vil ha utferda vitnemål.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01