§ 10-9. Klage på fag- og sveineprøve

Kandidatar som har fått karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva, kan klage både på karakteren og på formelle feil ved gjennomføringa av prøva.

Ei klagenemnd som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 8-3, er klageinstans for klager på karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva.

Fylkeskommunen skal sende klaga til Utdanningsdirektoratet. Saman med klaga skal dei sende prøveoppgåva, det vurderingsgrunnlaget som prøvenemnda har utarbeidd, prøveprotokollen, alt oppbevart prøvearbeid og ei fråsegn frå prøvenemnda om korleis karakteren er fastsett.

Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren, justere karakteren opp eller oppheve den opphavlege karakteren og vise til ny prøve.

Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, er klageinstans for formelle feil ved gjennomføringa av fag- og sveineprøva.

Fylkeskommunen skal sende det same som er nemnt i tredje ledd, til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Fråsegna frå prøvenemnda må innehalde informasjon om gjennomføringa av fag- eller sveineprøva.

Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad på prøveresultatet, skal den opphavlege karakteren opphevast. Klagaren har då rett til å ta ei ny prøve så snart som mogleg.

Kandidatar som får karakteren oppheva, må gå opp til fag- eller sveineprøve på nytt dersom dei vil ha fag- eller sveinebrev.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01