§ 5-4. Erverv og innehav av skytevåpen på grunnlag av arv eller minneverde

Politiet kan gje personar løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar som minne etter arvelatar i rett opp- eller nedstigande linje. Politiet kan berre gje løyve til personar som kan dokumentere å ha tilstrekkeleg våpendugleik, som til dømes gjennomført førstegongsteneste eller aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for inntil tre komplette rifler eller haglevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena, som er tillatne til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta. Politiet kan gje personar som har våpenløyve for pistol eller revolver løyve for inntil tre pistolar eller revolverar, samt våpendelar til desse skytevåpena.

Det samla talet skytevåpen som kan ervervast på grunnlag av arv eller minneverde, kan ikkje overstige tre komplette skytevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02