Politiet kan utan behovsprøving gje løyve til å erverve og ha reproduksjonar av rifler, haglevåpen, pistolar og muskett, som berre kan ladast frå munningen. Det same gjeld for reproduksjonar av perkusjonsrevolverar eller perkusjonsrifler som ladast i tønne, samt kammerladarar. Politiet kan berre gje løyve etter første og andre punktum til personar som har gjennomført tryggingsopplæring hos skyttarorganisasjon med godkjent skyteprogram for den aktuelle våpentypen. Fritaket frå behovsprøving gjeld likevel ikkje for erverv og innehav av tønne til revolver eller rifle, eller andre våpendelar som kan gjere eit perkusjonsvåpen om til eit patronvåpen.
Politiet kan utan behovsprøving gje løyve til å erverve og ha luft- og fjørvåpen som er laga for å kunne skyte prosjektil med diameter større enn 4,5 millimeter.
Kravet til løyvet etter første og andre ledd gjeld ikkje for skytevåpen eller våpendelar som er fritekne frå løyveplikt etter § 2-3.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.