§ 12-1. Kva ein kan reise sak om

Kvar av foreldra kan reise sak for retten i foreldretvistar.

Med foreldretvist meiner ein i denne lova ueinigheit om eitt eller fleire av desse spørsmåla:

  1. foreldreansvar
  2. kor barnet skal bu
  3. dagleg myndigheit
  4. samvær
  5. flytting med barnet ut av landet.

Ein forelder kan òg reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ein avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore.

Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar eller av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar.

Andre enn foreldra til barnet kan reise sak om samvær etter § 8-9. Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei høver for saker om samværsrett med andre enn foreldra, likevel slik at dei som vil reise sak, først kan gjere det etter å ha møtt foreldra til mekling, når det er mogleg og tenleg, jf. § 10-2 andre ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8