§ 8-9. Samværsrett for andre enn foreldra

Er ein av eller begge foreldra døde, eller er ein av dei nekta samvær i dom, kan slektningar som er nært knytte til barnet krevje at retten fastset om dei skal ha samvær med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. I andre særlege høve kan søsken eller andre som er nært knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha samvær med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha.

Reglane i §§ 8-3, 8-5 og 8-7 gjeld tilsvarande. Reglane i § 8-4 gjeld så langt dei høver.

Når samvær er fastsett ved avgjerd etter første ledd, ber den som barnet har samvær med, kostnadene sjølv. Retten kan ta avgjerd om ei anna deling dersom det er særleg grunn til det.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8