§ 12-11. Representant for barnet

Dersom særlege høve taler for det, kan retten nemne opp ein advokat eller ein annan person som kan vere representant for barnet. Representanten skal ta vare på interessene til barnet i samband med saka og gi informasjon og støtte.

Representanten skal få saksdokumenta og kan skriftleg eller i rettsmøte kome med framlegg om korleis sakshandsaminga kan leggjast opp til det beste for barnet. Retten avgjer om og kor lenge representanten skal vere til stades i rettsmøte. I rettsmøte kan representanten stille spørsmål til partar og vitne.

Ein representant for barnet som blir oppnemnd etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Hastar oppnemninga, kan oppnemninga skje før det er innhenta politiattest.

Avgjerder etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8