Foreldra kan, om dei er einige om det, endre avtalar og avgjerder om foreldreansvaret, bustad, dagleg myndigheit, samvær eller flytting med barnet ut av landet. Blir foreldra ikkje einige, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 12-1. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan berre endrast når særlege grunnar taler for det, irekna når tilhøva har endra seg på ein måte som verkar inn på kva som er best for barnet. Ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.
Dersom det er klart at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnde i første ledd, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.