Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller straks etter at eitt eller fleire av tiltaka i denne paragrafen er gjennomført.
Retten skal vurdere om det vil vere tenleg å vise partane tilbake til mekling i familievernet, jf. § 10-2 andre ledd.
Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka, og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det.
I førebuande møte kan retten òg gi partane høve til å prøve ut ein midlertidig avtale for ei viss tid og, dersom det er nødvendig, nemne opp ein eigna person for å rettleie foreldra i den fastsette prøvetida.
Retten kan avseie dom utan hovudforhandling, jf. tvisteloven § 9-5.
Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.