Når avtalar med tvangskraft, jf. § 14-1, og avgjerder om foreldreansvar, bustad og samvær skal tvangsfullførast, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13, likevel slik at § 13-8 femte ledd ikkje gjeld. Ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.
Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for retten der den saksøkte har alminneleg verneting. Reglane i § 12-3 andre ledd gjeld tilsvarande.
Retten har plikt til å sørgje for at barn får høve til å seie kva dei meiner i saker om tvangsfullføring, jf. § 12-6.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.