§ 3-4. Bortlegging av sak om foreldreskap

Når det ikkje er råd å klarleggje identiteten til mora i samsvar med § 3-2 første ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten leggje bort saka.

Når det ikkje er råd å fastsetje farskapen eller medmorskapen i samsvar med § 3-2 andre ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten leggje bort saka dersom mora samtykker til det.

I ei farskapssak der det kan vere mogleg å få fastslått foreldreskapen med DNA-analyse, kan Arbeids- og velferdsetaten berre leggje bort saka dersom det er sterke grunnar til det.

Når ei sak er lagd bort etter første til tredje ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten opne sak for å klarleggje eller fastsetje foreldreskapen seinare, dersom det kjem fram nye opplysningar.

Dersom Arbeids- og velferdsetaten legg bort saka etter første til tredje ledd, kan barnet, den som er registrert som einaste forelder til barnet, eller ein som meiner å vere forelder til barnet, sjølv reise sak om fastsetjing av foreldreskapen for retten.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8