I saker om farskap kan Arbeids- og velferdsetaten gi pålegg om at barnet, mora og den eller dei som kan vere far til barnet, skal gi frå seg eigna prøver til DNA-analyse. I særlege høve kan den som kan vere far, bli pålagd å gi frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.
Dersom nokon ikkje rettar seg etter eit pålegg etter første ledd, kan retten ta avgjerd etter § 4-6 andre ledd.
Den som analysen peikar ut som far, skal oppmodast av Arbeids- og velferdsetaten til å erklære farskap etter §§ 2-5 eller 2-6.
Departementet kan gi forskrift om identitetskontroll, prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap og annan slektskap.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.