Alle partane i saka på første rettssteget held fram med å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 4-8, er likevel part berre når retten eller nokon av dei andre partane dreg vedkomande inn i saka. Dersom opplysningar som kjem fram i ankesaka, tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka kan vere forelder, skal retten enten gjere vedkomande til part ved prosesskriv eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.