I saker om farskap der det ikkje har vore gjort ein DNA-analyse, kan det krevjast at ei rettskraftig avgjerd skal takast opp att til ny prøving utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Dersom nokon krev at saka skal takast opp att, skal retten gi pålegg om eigna prøve for DNA-analyse etter reglane i § 4-6.
I saker om farskap der det har vore gjort ein DNA-analyse, og i saker om annan foreldreskap, gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre ledd for å krevje at saka skal takast opp att.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.